Sparebanken Sogn og Fjordane Open

13.6.08

30.000,- sett av til premiering i Strandvik Open, vil du vere med?


2-5 juli er det klart for sommarens store treningsleir og sandvolleyballturnering i Strandvik, Hordaland. Dette er i hovudsak eit tilbod til ungdommar fra Hordaland og Sogn og Fjordane. I den idylliske bygda Strandvik blir det trening med landslagsspelarar som instruktørar og turneringar med flotte premiar.

30.000,- er sett av til premiering i klassane U-12,U-14,U-16. Lørdag blir det mix turnering for alle som har lyst å prøve seg.
I U-12 klassen får alle spelarar ein verdifull premie.
I U-14 og u-16 vil laga kunne vinne ein utviklande premie.
I mix klassen er det premier til de tre beste laga.

Påmeldingsfrist 30. juni 2008, i U12, U-14 og U16 klassen. I mix klassen kan ein melde seg på heilt fram til 5. juli kl 10.00, men det er begrensa antall lag og den som kjem først er sikra plass.


For meir informasjon send "Strandvik Open" og di e-post adresse til 41669154 eller send ein e-post til mol@volleyball.no


For å ta ein kikk på det flotte sandvolleyball anlegget i Strandvik trykk på linken under: