Sparebanken Sogn og Fjordane Open

25.7.08

Sparebanken Sogn og Fjordane Open FØRDE - KM og GRAND SLAM


Laurdag den 2. august vert det turnering ved Hafstad banene i Førde. Dette er ikkje ei kva som helst slags turnering. I tillegg til å fungere som Grand Slam der ein doblar ranking poenga, vil det også telle som kretsmeisterskap. Deltaking i denne turneringa bidrar ikkje berre mykje med tanke på sammenlagt seieren, men det er også mykje heder og ære å hente. Vi reknar derfor med STOR påmelding og mykje liv. Det blir som før spelt i klassane U16 jente og gut, U18 jente og gut, damer og herrar, og mix.


For påmelding sjå http://www.ssfopen.com/pamelding.html. Påmeldingfristen er sett til torsdag den 31. juli kl 16.00, men ver gjerne tidlig ute!